Heilnorsk americana

Kvartetten frå Voss spelar bluegrass, viser og blues i tradisjonen etter dei gamle heltane frå Mississippi, ispedd ein solid dose norsk tradisjonsmusikk. Instrumenteringa er gitar, hardingfele, trommer og vaskebalje (washtub bass), og tekstane på dialekt handlar om hjerte, smerte, tull og vas… Olav Undeland har spelt tradisjonell fingerpicking blues på norske bluesscener i ei årekke no, men finn her eit meir norsk uttrykk saman med Arne Anderdal  (hardingfele)  med sitt tradisjonsrike svingande felespel, Tor Helge Opdahl på trommer/perc og ikkje minst Svein Prestegard med sin einstrengsbass laga av ein sinkbalje og eit kosteskaft.

 

Gitar/vokal: olav Undeland

Trommer/perc: Tor Helge Opdahl

Hardingfele: Arne Anderdal

Bass: Svein Prestegard

 

Live på Fauskivalen i Hemsedal:

www.facebook.com/video.php?v=676418415770043&set=vb.603930149685537&type=3&video_source=pages_video_set

 

Demo:

urett veg.mp3 (5,3 MB)