Om oss:

Kvartetten frå Voss kombinerer americana på dialekt med norsk folkemusikk. Låtskrivar Olav Undeland, som syng låtane medan han spelar gitar, er busett på Voss, men kjem frå Ulvik. Han debuterte med  den engelskspråklege soloplata "So much trouble" i 2003 og etablerte seg då med sin førkrigsblues på den norske bluesscena. Seinare kom bandplata "Riding the blind" og i 2009 "Sleepless blues" med hovudvekt på eigne låtar. I Baljelauget dukkar Olav ned i tema som hjerte, smerte, tull og vas med tvangsrim på dialekt medan han plukkar gamle bluesriff på ein nær hundre år gammal Gibson.

Arne Anderdal er opprinneleg frå Hemsedal, bur på Voss og arbeider til dagleg på Ole Bull-akademiet . Han har ein mannsalder bak seg som spelemann og slapp i 2011 plata «Godsruta» solo og i samspel med bandet som og fekk namnet Godsruta. For denne fekk han folkelarmprisen i klassen tradisjonelt samspel. Arne har også gjennom fleire år vorte nytta som spelemann for dansarar på kappleikar, både frå Hallingdal og vestlandet. Med baljelauget prøver Arne å la slåttespelet gli naturleg inn i det elles amerikanske kompet.

Tor Helge Opdahl er freelance trommeslagar og perkusjonist, i tillegg tidvis utøvande på saksofon, tangentar, gitar og bass. I Baljelauget trakterer han ei stor samling hushaldningsutstyr.

Svein Prestegard frå Voss trakterer det relativt kjente, men lite brukte instrumentet baljebass. Der er rett og slett ein sinkbalje, eit kosteskaft og snor brukt som einstrengsbass. Han finn (som regel) tonane ved å stramme snora  med kosteskaftet, baljen fungerer som resonansskasse. Baljebassen (Washtub bass) er eit typisk amerikansk "Jug-band"-instrument som gjev bandet ein heilt spesiell låt.